FØLG OSS PÅ        

site search by freefind

  Forsiden
  Nettradio
  Podcast
  In English
  Lyttertall
  Radionavn
  Kommentarer
 
Radioreklame
  Informasjon
  Kontakt
  Annonse-info
  Nyhetsbrev
  Nyhetsfeed

KATEGORIER:

  NRK
  P4-gruppen
  Bauer Media
  Lyd/Bilde
  Lokalradio
  Utenriks
  Podkast
  Diverse
  Økonomi
  Radiodager
  Utstyr
  Politikk


JULERADIO ÅRET RUNDT


LYTTE TIL RADIO


Stor oversikt over Billig forbrukslån,, beste kredittkort og gyldige rabattkoder finner du hos Nettavisen.


Reiselysten? Få reisetips via reisebloggen Ja, det er mulig!erdetmulig.no

  RIKSRADIO - NRK:
Dialektprisen til P3Morgen
Norsk Målungdom har delt ut pris til Silje, Markus og Ronny. OPPDATERT

Mer om NRK Radio

Foto: Norsk målungdom

RADIONYTT.NO - 17.11.17 - Kyrre Dahl
Pressemelding: Norsk Målungdom har kåra programleiarane Ronny Brede Aase, Silje Nordnes og Markus Neby på programmet P3Morgen til vinnarar av Dialektprisen for 2017. Prisen vart overrekt på Det Norske Teatret i dag. (17.11.2017)

– Ronny Brede Aase, Silje Nordnes og Markus Neby kjem frå kvar sin del av landet, og syner kvar morgon fram det norske dialektmangfaldet. Som programleiarar på eit av dei mest populære radioprogramma i Noreg, gjer dei dialektmangfaldet til ein del av kvardagen til fleire hundretusen unge lyttarar. Det seier leiar i Norsk Målungdom, Fredrik Hope.

– P3morgen er ein viktig del av morgonen for mange lyttarar. Både Silje, Markus og Ronny framstår som trygge dialektbrukarar, og bidreg med det til å gjere dialektskilnader kvardagsleg og sjølvsagt, seier Hope.

– Berre med å snakka saman, le saman og gjere jobben sin saman syner vinnarane fram at dialektmangfald fungerer, at dei ulike dialektene er like mykje verd og gjer det lettare for andre å bruke si dialekt. Litt lettare for kvar morgon, understrekte Hope i tala si.



Prisvinnarane

Ronny Brede Aase (f. 1986) kjem frå Førde, Silje Therese Reiten Nordnes (f. 1984) kjem frå Hamarøy og Markus Ekrem Neby (f. 1991) kjem frå Oslo. Dei tre programleiarane saman styrt programmet P3Morgen sidan 2014, og programmet har vunne fleire prisar for godt språk og god formidling. Attåt lyttarane på radio, har P3Morgen har store fylgarskarar på sosiale medium. Der nyttar dei òg dialektar munnleg, og både nynorsk og bokmål skrifteleg. Programmet P3Morgen starta opp i 2003.

– Det er veldig kjekt å bli verdsett for noko som for oss er så utruleg logisk og sjølvsagt at det nesten er slik at me gløymer at det faktisk er eit poeng her. Og det er jo dit me skal kome, det er dit me er på veg.

Dialektprisen

Dialektprisen vart utdelt for fyrste gong i 2001, og vert delt ut årvis av landsstyret i Norsk Målungdom. Det er den einaste språkprisen som vert delt ut av språkengasjerte ungdomar, noko som også bidreg til at han er ein av dei mest prestisjetunge. Blant tidlegare prisvinnarar finn vi namn som Therese Johaug, Linda Eide og Daniel Kvammen.

Kilde: Norsk målungdom

VIL DU LYTTE TIL NRK RADIO?: HØR NRK VIA LYTTE.NO Ekstern lenke

Kommenter gjerne denne saken på vår: Facebook-side

  SISTE NYTT FRA RADIONYTT.NO:
 NYHETSBREV:
Meld deg på vårt nyhetsbrev
Få nyheter fra radionytt.no rett i din innboks, helt gratis.
Les mer...
  LYTTERTALL:
Diverse lyttertall
Her finner du lyttertall for riksradio, lokalradio og utlandet.
Les mer...




 PERSONVERN:
Radionytt.no samler ikke inn informasjon, med unntak av nyhetsbrev som krever aktiv innmelding, se nedenfor. Radionytt.no bruker imidlertid tredjeparts annonsører som kan legge igjen en cookie på din datamaskin. Vi har bevisst valgt bort personifisert reklame. Kontakt
 NYHETSBREV:
Meld deg på
Få nyheter fra radionytt.no rett i din innboks, helt gratis.
Les mer...
  REKLAMEPRODUSENTER:
Radioreklame
Vår fyldige liste over stemmer og produsenter.
Les mer...
  SPILLELISTER:
Hvilken låt?
De hva og hvem som spilles på radio.
Les mer...
  RADIONYTT.NO IN ENGLISH:
News in English
Stories from the Norwegian radio industry, in English
Read more....
 TVNYTT.NO:



MER FRA TVNYTT.NO