Annonser:



 Nyheter - Innenriks:
TILBAKE TIL.....INNENRIKS 2006    SISTE NYTT...INNENRIKS   UTENRIKS

Nye frekvenser for digitalradio

Norge er tildelt en rekke nye frekvenser for digital kringkasting, deriblant fire signalpakker som kan brukes til DAB, eller andre radio-teknologier.


RADIONYTT.NO - 22.06.06 - KYRRE DAHL
Pressemelding fra Post og Teletilsynet: "Noreg fekk 16. juni full utteljing på ein frekvenskonferanse i Genève. Post- og teletilsynet (PT) meldte inn 1509 krav om frekvensar til frekvensplanen som skulle utarbeidas under konferansen, og fekk alle innmeldte krav med i den endelege planen frå konferansen, GE06-avtalen.

Dette betyr at Noreg får frekvensar for sju signalpakker for digital-TV i frekvensområdet 470-862 MHz, samt ei signalpakke for digital-TV og fire signalpakker for digital radio (DAB) i frekvensområdet 174-240 MHz. Alle signalpakkene er riksdekkande. Med sju riksdekkande signalpakker for digital-TV kan ein få opp mot 50 TV-kanalar, avhengig av kvaliteten på sendingane.

Konferansen var i regi av ITU, International Telecommunication Union, som har 118 medlemsland i Europa, Afrika og Midt-Austen, og gjekk over fem veker, frå 15. mai til 16. juni 2006. GE06-avtalen gjeld frå 17. juni 2007, med ein overgangsperiode frå 17. juni 2006. Dei analoge TV-sendingane skal avviklast innan 17. juni 2015, med unntak for nokre land i Afrika og Midt-Austen, som fekk frist fram til 17. juni 2020 med å gå over på ein digital plattform.

Frekvensplanen inneheld totalt 70527 stasjonar og område. Alle 118 land har sendt inn krav om frekvensar for DVB-T, medan alle land så nær som Finland, 8 RRC-statar og 8 afrikanske statar har meldt inn frekvensar for T-DAB.

Det var CEPT (The European Conference of Postal and Telecommunications Administrations) som på eit møte i Oslo seinhausten 1999 vedtok å starte arbeidet med ein frekvensplan for digital kringkasting i Europa. Arbeidet vart etter kvart utvida til å omfatte heile ITU-region 1, og målet har vore å kome fram til ein frekvensplan for digital kringkasting (både radio og fjernsyn) i frekvensbanda 174-240 MHz (band III) og 470-862 MHz (band IV/V). Bruken av frekvensane 87,5-108 MHz som i Noreg nyttast til FM-radio, vert ikkje omfatta av denne frekvensplanen.

Post- og teletilsynet er, også i denne samanheng, opptatt av teknologinøytralitet. Noreg har derfor, saman med dei fleste andre europeiske land samt ein del afrikanske land, signert ein deklarasjon der vi kunngjer at vi kan kome til å nytte frekvensane i GE06-planen til andre tenester enn DVB-T og T-DAB, så sant desse tenestene ikkje forstyrrar nabofrekvensane."


Vil du høre mer på radio? - Kjøp radio her!
TIPS ANDRE OM DENNE SAKEN
Til E-post-adresse:



 Se også:

Riksnytt og Radio Fredrikstad skal flytte
22.06.06

 Søk i Radionytt:


powered by FreeFind

 Nyhetsbrev

Hold deg oppdatert med radionytt.no,s nyhetsbrev.

NYHETSBREV

 Tips oss:

Har du et nyhetstips?

Post@radionytt.no



 Annonsere:

Er du interessert i annonsere på radionytt.no?

Annonse-Info