Nyheter:
TILBAKE TIL.....INNENRIKS 2004    SISTE NYTT...INNENRIKS   UTENRIKS

Strengere krav til NRK

NRK må pålegges strengere allmennkringkastingskrav enn de kommersielle aktørene, mener kulturministeren, som særlig peker på andelen norsk musikk som spilles på radioen.


RADIONYTT.NO -30.04.04 - KYRRE DAHL
NRK bør spille minst like mye norsk musikk som P4 og Kanal 24. Det sa kulturministeren i Stortinget i dag. Hun mener at det bør settes strengere allmennkringkastingskrav til NRK enn de andre kanalene, se nedenfor:

Pressemelding:

Kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland orienterte i dag Stortinget om NRKs allmennkringkastaroppdrag. - NRK har større økonomisk fridom enn dei reklamefinansierte kringkastarane. Dette må medføra høgare krav til kvalitet og mangfald i programverksemda til NRK, presiserte statsråden. - NRK spelar ei viktig rolle når det gjeld å fremja kulturelt mangfald, tilby program som er allmenndannande, informera folket på ein objektiv måte, garantera mangfald og tilby kvalitetsprogram, påpeika kulturminister Svarstad Haugland. Statsråden la vidare vekt på at NRK må ivareta fleire og andre område i samfunnet enn kva kommersielle medium kan gjera. Ho sa òg at NRK skal vera Noregs viktigaste allmennkringkastar også etter at eit digitalt bakkenett er ein realitet. Svarstad Haugland nytta høve til å reisa ein debatt i Stortinget om bruk av sponsorplakatar i sendingane til NRK.

- NRK skal driva si programverksemd etter prinsippa for ytringsfridom og redaksjonelt sjølvstende. Som lisensfinansiert allmennkringkastar må NRK leggja særleg vekt på høg etisk standard på den journalistiske dekninga si og i val av journalistiske metodar understreka statsråden. Ho peika på at NRK skal sikra eit godt distriktstilbod i heile landet. Regjeringa vil påleggja NRK å gi Nordland eit distriktstilbod i fjernsyn slik Stortinget tidligare har kravd. –Nordland skal ha det same distriktstilbodet som andre delar av landet, og eg vil gjennom vedtak i generalformsamlinga påleggja NRK å gjennomføra dette frå og med 1. januar 2005, sa Svarstad Haugland. Vidare understreka ho at NRK skal fremja norsk språk, identitet og kultur. - NRK skal ha eit sjølvstendig ansvar for å produsera musikk og drama, og skal ha ein minst like høg norsk musikkdel som P4 og Kanal 24 er forplikta til å senda. NRK må dessutan ta eit særskilt ansvar for å formidla scenekunst og konsertar frå dei sentrale kulturinstitusjonane, understreka statsråden. Svarstad Haugland kom også inn på bruken av dei offisielle målformene. – Minst 25 prosent av verbalinnslaga skal vera på nynorsk. Eg vil òg minna om at NRK sine distriktssendingar har ei viktig språkpolitisk rolle i nynorskfylka. Styret i NRK har vedtatt at det skal opprettast eit kompetansesenter for nynorsk i Sogn og Fjordane, som frå 1. januar 2005 skal vera eit nasjonalt nynorsk kompetansesenter. Formålet er å fremja bruken av nynorsk i etermedia, men også nynorsk på Internett. Statsråden kom også inn på NRK sitt tilbod til barn og unge. - NRK må satsa meir på program for denne målgruppa, sa Svarstad Haugland. Dette gjeld òg barne- og ungdomsprogram på samisk, der tilbodet i dag berre er 15 minutt i veka. Statsråden streka òg under at NRK må gjera meir for dei hørselshemma og at fleire av programma til NRK skal tekstast. Dette gjeld særleg direktesende nyhende- og aktualitetsprogram.

PM SLUTT




 FORRIGE SAK:

Relativt gode tall fra P4
30.04.04

 SØK:


powered by FreeFind

 TIPS:

Har du et tips til oss?

Post@radionytt.no