Annonse

Mediemålpris til nynorsk stemme

Radionytt.no - 05.05.2023 - Kyrre Dahl

Alf Helleviks mediemålpris for 2022 går til Vidar Eidhammer i Radionyheitene i NRK.


Vidar Eidhammer med bukett og diplom. Foto: Samlaget

Prisen vart delt ut som ei overrasking under eit fredagsmøte på NRK i dag, 5. mai 2023. Juryen seier mellom anna følgande om Eidhammer:

Prisvinnaren har nærast blitt eit nynorsk varemerke, ein dagleg nynorsk-garantist i NRK sine nyheitssendingar på radio. Vidar Eidhammer er eit viktig symbol for at det nynorske normaltalemålet skal leva i det offentlege rommet. (...)

Prisvinnaren må til dagen jobba intenst med å gjera vanskelege saker forståelege i den aller kortaste, munnlege journalistiske sjangeren – bulletengen. Det er ein krevjande jobb. (...) Vidar Eidhammer meistrar denne oppgåva på ein framifrå måte. Bodskapen som kjem frå Eidhammers munn er alltid råd å forstå. Med si rolege og dynamiske røyst når innhaldet fram til publikum utan støy og utanomsnakk."

Vidar Eidhammer vart fast tilsett i Nyheitsdivisjonen i NRK 1. september 2014. Han gjekk ut av Nynorsk mediesenter i Førde i februar 2007 og etter det har han stort sett jobba i radionyheitene.

Alf Helleviks mediemålpris skal gå til yngre faste nynorskbrukarar i radio og TV som legg vekt på å dyrke eit normalisert, nynorsk talemål. Prisen har blitt delt ut sidan 1998. Prisen er på kroner 25 000,–.

I juryen: Magni Hjertenes Flyum, Sølve Rydland, Geirmund Henjum.

  • Flere nyheter om: NRK Radio
  • Følg oss:     -  RSS:


    Annonse