Annonse

Nesten 30 % nynorsk i NRK P1

Radionytt.no - 09.02.2023 - Kyrre Dahl

I 2022 var 27,2 prosent av NRK-innhaldet på TV på nynorsk, 22,7 prosent i radioen og 20,9 prosent av innhaldet på nett var på nynorsk.


Vibeke Fürst Haugen.FOTO: ANNE LIV EKROLL / NRK

Bruken av nynorsk i alle radio- og TV-kanalar utgjorde 25,1 prosent i 2022. Av dei tre hovudplattformane var det berre TV som hadde ein nynorskdel over 25 prosent, bruken av nynorsk var lågare enn 25 prosent på nett og radio.

I 2022 var 27,2 prosent av NRK-innhaldet på TV på nynorsk, 22,7 prosent i radioen og 20,9 prosent av innhaldet på nett var på nynorsk. NRK P1 var best på radio med ein nynorskdel på 29,7 %, NRK P2: 20,2 % og NRK P3: 19,6 %

- At over 25 prosent av innhaldet til NRK totalt sett er på nynorsk er sjølvsagt bra, men det er ikkje godt nok, seier kringkastingssjef Vibeke Fürst Haugen.

Ho er klar på at kravet frå Medietilsynet om at 25 prosent av innhaldet på kvar plattform skal vere på nynorsk, ikkje berre 25 prosent av den totale produksjonen, er noko NRK støttar.

- Nynorskoppdraget er ein viktig del av kringkastaroppdraget vårt og vi jobbar no iherdig for at 25 prosent av det vi produserer på kvar av dei tre ulike plattformene, TV, nett og mobil, skal vere på nynorsk.

  • Flere nyheter om: NRK Radio
  • Følg oss:     -  RSS:


    Annonse