| |
|
|
|
|
|
Språkpris til NRK P3
Ronny Brede Aase får nynorskprisen
Mer om NRK
|
|
RADIONYTT.NO - 28.05.09 - Kyrre Dahl
|
22 år gamle Ronny Brede Aase i NRK P3 får Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar for 2009.
–Som nynorskbrukande platepratar i P3 når han ungdom når språklege haldningar vert forma og vala tekne. Han kan vere eit
føredøme for andre dialekt- og nynorskbrukarar, seier juryen.
- Eg vart glad, stolt og overraska - eg visste jo ikkje at eg var nominert ein gong, seier prisvinnaren.
Prisen er på 50.000 kroner og eit kunstverk.
Juryen grunngjev valet av Brede Aase med at ”hans naturlege og trygge bruk av nynorsk/dialekt på lufta kan vere eit føredøme for
andre dialekt- og nynorskbrukarar og auke toleransen og forståinga for nynorsk hjå dei som har det som sidemål. Ronny Brede Aase
tykkjest å vere ein stolt nynorskbrukar som gjerne brukar særtrekka i språket sitt, og omset til nynorsk på direkten når han får
inn SMS’ar og anna på bokmål”.
-Han er ein sprek og særeigen språksjonglør. Berre arbeidsoppgåvene til Brede Aase tilseier at han brukar nynorsk på det
som til no har vore utradisjonelle område, der det går raskt unna og fleire format som SMS’ar, e-post og anna skal handterast,
seier juryleiar for nynorskprisen, Gry Molvær.
Ronny Brede Aase frå Førde har arbeidd som DJ, eller platepratar, i P3 i snart to år. Han skriv òg bloggar i ungdomskanalen.
Han byrja som sommarvikar i NRK Sogn og Fjordane som 19-åring.
Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar blir delt ut under Dei nynorske Festspela på Ivar Aasen-tunet i Ørsta,
torsdag 25.juni. Tidlegare prisvinnarar er Linda Eide, Kjell Erik Kallset og Odd Reidar Solem.
Red.anm: Redaksjonen synes det var mest passende å ikke oversette denne pressemeldingen til bokmål
Kilde: Kulturdepartementet Foto: Nadia Frantsen
|
|
|
Prøv online roulette mens du hører på radioen.
Spill casino på nettets beste norske casinoer,
Mr Green, Unibet
og 7 Red
|
|
DE SISTE NYHETENE:
| |
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
| |
|
|
|
|
|